top of page

TERMS AND CONDITIONS

ULIVETI NOREG AS

Generelle vilkår

Vilkåra gjelder for
1) kjøp av enkeltprodukt i Uliveti Noreg nettbutikk
2) kjøp av abonnement: Uliveti Byrjar (2 leveringar om året for levering til adresser i Noreg), Uliveti Vidarekomen (2 leveringar om året for levering til adresser i Noreg) og Uliveti Erfaren (2 leveringar om året for levering til adresser i Noreg). Våre vilkår for sal gjeld for sal av abonnement av olivenolje frå Uliveti Noreg AS. Desse føresetningane saman med di tinging, stadfesta av ei tingingsstadfesting, utgjer grunnlaget for avtala for kjøpet.
3) Vilkåra gjeld også for sal til kundar frå andelsgardar. Desse føresetningane, saman med di tinging (skjema), utgjer grunnlaget for avtala for kjøpet. 

Kjøp av abonnement på www.uliveti.no og www.uliveticastelsanmartino.it/abonnement og gjennom www.uliveticastelsanmartino.it/andelsgard kan einast bli gjort av myndige personar over 18 år. Vilkår for sal frå Uliveti Noreg AS er berre tillgjengeleg på nynorsk. Me leverer kun til adresser som er på norsk fastland.


Kjøpet er regulert i norsk lov, blant anna gjennom forbrukerkjøpsloven, angrerettloven, markedsføringsloven, personopplysningsloven, og e-handelsloven. Følg lenkene dersom du vil lesa meir om dine rettigheiter og plikter ved kjøp av varer frå www.uliveti.no eller www.uliveticastelsanmartino.it/abonnement.


Definisjon av partar
Selger er: Uliveti Noreg AS, organisasjonsnummer 920 438 423 MVA, Vinjevegen 2424, 3893 Vinjesvingen, og vert også kalla «Uliveti», «selger», «me», «oss», «vår» eller «vårt». Du når oss på epost info@uliveti.no eller mobilnummer +4795178552.
Kjøper er: Personen eller bedrifta som blir identifisert som kjøper i tingingsstadfestinga, og vert her også kalla «kjøper», «kunde», «du», «ditt» eller «deg».


Angrerett
Uliveti.no følger gjeldande reglar i Angrerettsloven, som gir ein generell rett på 14 dagars angrefrist frå leveringsdato.


Angreretten gjeld ikkje kundar som handlar på vegne av bedrift eller organisasjon.


For å nytte deg av angreretten må du varsle oss på via brev eller e-post. Dersom du angrar kjøp av varer tilbakebetalar me alle betalingane me har mottatt frå deg for gjeldande vare seinast 14 dagar etter den dagen me mottek melding frå deg om at du angrar kjøpet.  Me kan halde tilbake betalinga til deg fram til me har fått varene tilbake, eller til du har lagt fram dokumentasjon på at varene har blitt sendt.


Kostnadene med innpakking og returnering av varene er ditt ansvar.


Reklamasjon
Uliveti.no følger Forbrukerkjøpsloven av 21. Juni Nr. 34 2002 for generelle regler rundt reklamasjon. Me har ingen begrensningar i reklamasjonsfristen for varer etter Forbrukerkjøpsloven.


Når du mottek varene skal du så snart som råd sjekke at leveringa er i samsvar med tinginga, samt at produkta ikkje er skada i transporten. I tilfeller der det er feil eller manglar på ei vare ved utlevering vil du få ei ny vare av samme type sendt til deg.


Tinging- og avtaleprosess
Di tinging er bindande når tinginga er sendt frå vår nettside eller til oss på epost. Tinging av abonnement vil bli stadfesta med ei tingingsstadfesting. Dersom eit eller fleire av produkta i tinginga er solgt ut vil me komme med eit forslag på alternativ som du kan enten godkjenne eller avslå.

Prisar og betaling
Alle prisar er oppgitt inkludert meirverdiavgifta med mindre anna er tydeleg kommunisert. Prisen oppgitt inkluderer produkt og pakking. Frakt under 1000 kr blir lagt til ved betaling. Frakt over 1000 kr er gratis.


Prisane våre kan endre seg frå haust til haust, basert på mengde olivenolje og prissettinga deretter. Skrive- og trykkfeil kan skje, og ved feilprising vil kunden bli informert og kan trekke tilbake tinginga om kunden vil.


For abonnement: Kunden betalar fyrste levering via nettbutikken, og vil frå andre levering og vidare få tilsendt ein faktura per epost etter levering med minimum 14 dagars betalingsfrist.


Levering
Levering skjer til den adressa oppgitt i Uliveti Noreg nettbutikk så fort me greier. For abonnenter skjer andre levering og vidare to gonger i året (mars/april og september/oktober). Dersom varene blir levert på eit anna tidspunkt vil du få beskjed om dette meir enn 2 veker før levering.


Særavtaler, slik som å sette att varene på trappa eller levering til ei anna adresse kan bli gjort så lenge det ikkje fører til ulempe for Uliveti.no, og er alltid gjort på kunden sin risiko. Uliveti.no tek ikkje ansvar for redusert kvalitet av olivenolja ved ei levering på særavtale (til dømes minusgrader ute).

Kunden sine plikter
På Uliveti.no må kunden fylle inn nødvendige felt for å gi oss den nødvendige informasjonen. Som kunde forpliktar du deg til følgande:

  • Oppgi korrekt og komplett brukarinformasjon

  • Sørge for at brukerinformasjonen er din/og eller at du har rett til å handle på vegne av personen du registrer for

  • Gi oss informasjon dersom brukarinformasjonen din endrast, til dømes at du har ny adresse etc.

  • For abonnenter: gi oss beskjed minimum 1 månad før levering (1. august og 1. februar) dersom du vil avslutte abonnementet ditt.

bottom of page