top of page

VÅRE AKTIVITETAR

Ekstra virgin olivenolje: produksjon og sal 

20210531_090333_edited.jpg

Me produserar og sel 100 % italiensk ekstra virgin olivenolje. Produkta våre er laga av oliven frå våre eigne tre. 

Produktrekka inkluderer to klassiske olivenoljer (Verde - lett fruktig olivenolje, Oro - middels fruktig olivenolje) og to monokultivar ekstra virgin olivenolje (laga av oliventypen Ortice - intens bitter og pepperaktig ekstra virgin olivenolje og Femminella - søt, fruktig og lett pepperaktig ekstra virgin olivenolje). 

Me produserer også smakstilsatt ekstra virgin olivenolje - ein laga med sitronskall frå Sorrento, ein annan med appelsinskall frå Sorrento, og ein tredje med tørka chili frå Calabria. 

Meir informasjon om våre ekstra virgin olivenoljer finn du på sida produkt

Beskjæring av oliventre 

20220419_115428.jpg

Me tilbyr spesialiserte beskjæring av oliventre i Italia. Våre folk er spesialisert i ei beskjæring kalla 'polyconic vase'-system, som gir god produksjon. Denne måten å beskjære på gir mykje energi til treet og stor eksponering av ljos til blad og frukt. I tillegg gjer denne beskjæringa det enklare å hauste sidan frukta blir fint eksponert. 

Me tilbyr våre tenester til andre eigarar av oliventre i området vårt. Kontakt oss for meir informasjon og få eit tilbod. 

Matproduksjon i samarbeid med lokale partnerar

Adobe_Express_20220502_1013090_edited.jpg

Me har etablert eit godt samarbeid med andre bønder og lokalmatprodusenter i området. Me lagar og sel tradisjonelle produkt i kombinasjon med våre ekstra virgin olivenoljer. 

Desse produkta er mellom anna taralli - ovnsbakt surdeigskjeks laga med Uliveti ekstra virgin olivenolje og fenikkelfrø, morsette - søte kjeks laga med Uliveti ekstra virgin olivenolje, mandel, kanel, sitron- og appelsinskall, passata - tomatsaus laga av San Marazano-tomat, og heile oliven på glass av oliventypen Caiazzana. 

Meir informasjon om desse produkta finn du på sida produkt

piknik 2022_edited.jpg

Me organiserer besøk til vår olivengard og andre aktivitetar i nærområdet for turoperatørar, bedrifter og private turar. 

Me kan planlegge skreddersydde opplegg med ulikt innhald, som til dømes:  

Me skreddersyr aktivitetar som:

  • vitje Uliveti sin gard, smakskurs der ein lærer om olivenolje, produksjon og smaking, nyt ein tradisjonell lunsj i ein av våre oliventeigar ;  

  • lære å lage fersk lokal tradisjonell pasta;

  • vitje lokale oste- og skinkeprodusentar og lær om dei lokale tradisjonane; 

  • vitje lokal vingard med vinsmaking og middag med vinapakke;

  • utforske naturen og lokale småbyar til fots eller sykkel med guiding

For meir informasjon eller om du ynskjer å planlegge ein tur for vener, bedrift eller skule kan du kontakte oss (Uliveti Experience Srl) eller vitje vår side for Uliveti Experience Srl

Smakskurs i olivenolje 

IMG_27821_edited.jpg

Me organiserer smakskurs i olivenolje for private samankomster og for arbeidsplassar - i tillegg til butikkar der me sel vår gode ekstra virgin olivenolje. 

Giovanni og Nils Johan har kvalifikasjon i olivenoljesmaking (nivå 1), og er ansvarlege for krusa. 

På kurset vil ein få kunnskap om kva som gjer ekstra virgin olivenolje til ein god olje, og kva som skil frå anna olje. Ein vil også lære om dei gode kvalitetane av ekstra virgin olivenolje og bruksområder. 

Ein vil også lære å smake, lukte og identifisere oljene ut frå kvalitet og smak. 

Om du er interessa i å delta eller organisere eit smakskurs kan du ta kontakt med oss her - kontakt oss

Produksjon og dyrking av oliven 

20220419_115205_edited.jpg

Å taka vare på våre vakre oliventre er fundamentet i arbeidet vårt. I løpet av året tek me godt vare på alle tre - unge som gamle. 

Me held trea friske og fine ved å beskjære dei, gje dei energy med økologisk og berekraftige produkt, og ved å nytte ikkje-intensive og tradisjonell haustemetode. 

I tillegg til økologiske produkt for tre nyttar me naturleg gjødsel som me får frå andre bønder i Solopaca. 

I 2023 vil me vere ferdig sertifisert økologisk gard. Måten me dyrker og tek vare på trea våre er viktig for å få ein ekstra virgin olivenolje av høg kvalitet, med nydeleg smak og lukt, produsert på ein berekraftig måte. 

bottom of page