ULIVETI CASTEL SAN MARTINO: OM OSS

Uliveti Castel San Martino er ein gard i Solopaca, i regionen Campania i Sør-Italia. 

Vår hovudaktivitet er dyrking av oliventre og produksjon av 100 % italiensk ekstra virgin olivenolje. I tillegg produserer me, i samarbeid med andre lokale matprodusenter, ulike produkt frå området vårt, slik som heile oliven på glass, tomatsaus og kjeks. 

 

Sidan 2015 har Giovanni og Nils Johan vore ansvarlege for Uliveti Castel San Martino - saman med ei flott gruppe folk i Solopaca. 

Solopaca er landsbyen der Giovanni sin familie har lange røter. Familien har alltid vore involvert i landbruk. Dei to generasjonane før Giovanni dyrka i all hovudsak produkt til eigen bruk. 

Video production and development: Fabio Desiato, Fade Production ©

Adobe_Express_20220502_1928040.09580107078339639.png

I 2011, Ornella etablerte Uliveti Castel San Martino og fortsatte med kva bestemora si Elvira hadde gjort. 

Den seiste generasjonen som hadde landbruk som hovudinntekt var oldeforeldra til Giovanni. Oldemora heitte Elvira, og var matriarken i familien og ei smart forretningsdame som dreiv garden saman med mannen sin Pasquale. Saman tok dei vare på familien sine oliventeigar og vinranker, slik familien hadde gjort i fleire generasjonar før dei. 

 

Ornella, barnebarnet til Elvira og mor til Giovanni, hadde ein draum om å ta opp att aktiviteten med olivendyrking og lage ekstra virgin olivenolje, slik besteforeldra hennes hadde gjort. I 2011 ervde Ornella ein av oliventeigane til familien, og saman med mannen sin Ernesto, starta ho opp arbeidet med å taka vare på oliventeigen og starta selskapet Uliveti Castel San Martino. 

 

Etter at Giovanni si mor gjekk bort i 2014 bestemte Giovanni og Nils Johan seg for å halde fram med arbeidet Ornella hadde starta. Giovanni avslutta universitetskarriera si i London og dedikerte all tid til å halde fram draumen til Ornella. I 2017, etter at Giovanni sin far Ernesto gjekk bort, tok Giovanni over Uliveti Castel San Martino saman med Nils Johan. Målet var å utvikle bedrifta til ei berekraftig og sosialt ansvarleg olivengard - noko foreldra til Giovanni også gjerne ville ha sett skje. 

Saman med venen og forretningspartner Michele, som blei med i garden i 2016, har Giovanni og Nils Johan tatt vare på familieteigane og arbeider med å sette i stand og stelle opp dei fantastiske oliventrea i teigane rundt landsbyen Solopaca. 

Utvidinga av oliventeigar har gjort Uliveti i stand til å taka vare på lokale variantar av oliven, som i lita grad er dyrka og i fare for å forsvinne - slik som typene Ortice og Femminella. Desse lokale oliventypene brukar me til å produsere nydeleg og unike monokultivar ekstra virgin olivenolje. Organisasjonen Slow Food har anerkjent arbeidet med å ta vare på lokale oliventyper, og har gjort Uliveti Castel San Martino til Slow Food presidium for ekstra virgin olivenoljene Ortice og Femminella. 

Uliveti Castel San Martino er ein prisvinnande familiegard. Kvaliteten og den gode smaken har gitt gode resultat i internasjonalle olivenoljekonkurransar. 

Uliveti tek også vare på naturen og miljøet der me er, og sidan 2021 har garden vore i overgangen til å bli ein økologisk gard. Denne prosessen tek tre år. 

IMG_4 web_edited_edited.jpg

Frå 2011 til 2014 dreiv Ornella og Ernesto Uliveti Castel San Martino saman

IMG_20201107_092957_872_edited.jpg

I tillegg til å selje prisvinnande ekstra virgin olivenolje og andre lokale matprodukt gjer me også skreddersydde turopplegg i området rundt Solopaca for å oppleve gode råvarer og lokal matproduksjon. Me tilbyr også andre tenester sllik som beskjæring av oliventre for andre gardar og private eigarar i Italia. 

Me i Uliveti set også stor pris på formidling av kunnskap om ekstra virgin olivenolje, samt om kulturen og bruk av ekstra virgin olivenolje. Både Giovanni og Nils Johan er sertifiserte olivenoljesmakere og me arrangerer smakskurs i olivenolje for både private grupper og på arbeidsplassar - i tillegg til butikkar som sel produkta våre. 

Målte vårt er å auke kunnskap og verdien av ein skjult del av Italia ved å produsere eit produkt av høg kvalitet, og ved å ynskje folk velkomen på besøk til garden vår og området rundt Solopaca. 

Sidan 2015 har Giovanni, sonen til Ernesto og Ornella, drivi garden Uliveti Castel San Martino saman med Nils Johan og Michele. Garden er økologiske og produserar på ein berekraftig metode. 

KVEN ME ER

Giovanni Filippo Cozzi

Giovanni Filippo Cozzi

PARTNER & MANAGING DIRECTOR Giovanni is responsible for and coordinates the day-to-day running of Uliveti's activities. Giovanni is also co-director of Uliveti Noreg AS, company distributing Uliveti's products in Norway.

Nils Johan Svalastog Garnes

Nils Johan Svalastog Garnes

PARTNER & MANAGING DIRECTOR Nils is responsible for export sales and for co-planning Uliveti's activities during the year. Nils is also co-director of Uliveti Noreg AS, company distributing Uliveti's products in Norway.

Michele Bucciero

Michele Bucciero

PARTNER & AGRONOMIST Michele provides guidance and advice on the agricultural management of Uliveti's olive groves.

Maurizio Leone

Maurizio Leone

AGRICULTURAL SPECIALIST WORKER & SUPERVISOR Joined 2016. Maurizio is in charge of the processing, handling and packaging of extra virgin olive oil and other products. He is also responsible for the sales from our Lab in Solopaca and logistics.

Harissou Lombo

Harissou Lombo

AGRICULTURAL WORKER Joined 2018. Harissou's main activities include pruning and harvesting olive trees. He also assists in the planning of the agricultural activities at Uliveti.

Antonio Petrucci

Antonio Petrucci

AGRICULTURAL WORKER. Joined 2020. Antonio's main activities include harvesting olive trees, assistance in pruning and other ordinary maintenance of Uliveti's olive groves. Antonio also assists in the bottling and packaging processes.

VÅRE VERDIAR

2021 Tutti Trattore_edited.jpg

LIKSKAP, RESPEKT, VERDIGHET OG RETTFERD

Me meiner at bærekraftig jordbruk berre kan bli nådd med harmoni mellom natur og menneske. 


I Uliveti bygger me samhald og menneske utan diskriminering av kjønn, opphav, alder eller anna bakgrunn.


Me trur på ein bærekraftig og naturvenleg produksjon.


Derfor brukar me kun ikkje-intensive og økologisk jordbruk og ynskjer ein salgsmodell der det er kort avstand mellom produsent og sluttbrukar.