ULIVETI: OM OSS
Sidan 2014 har Giovanni og Nils Johan drivi garden og produlsjonen i Uliveti saman med dyktige folk i Solopaca.
Hovudaktiviteten vår er dyrking av oliven og produksjon av ekstra virgin olivenolje. I tillegg beskjærer me tre - for oss og for andre bønder - og organiserer opplevingar og matkurs i og rundt Solopaca. Denne aktivieten gjer me i bedrifta Uliveti Experience.
Me har to distribueringskanalar utanfor Italia. Ein er i Noreg, der Giovanni og Nils Johan også bur og jobbar, og den andre i Sverige.
Videoproduksjon og utvikling: Fabio Desiato, Fade Production ©
KVEN ME ER
VÅRE VERDIAR
LIKSKAP, RESPEKT, VERDIGHET OG RETTFERD
I Uliveti bygger me samhald og menneske utan diskriminering av kjønn, opphav, alder eller anna bakgrunn.
Produksjonen vår har fokus på berekraft og natur. Derfor brukar me kun ikkje-intensive og økologisk jordbruk og ynskjer ein salgsmodell der det er kort avstand mellom produsent og sluttbrukar.