top of page

ULIVETI: OM OSS

Sidan 2014 har Giovanni og Nils Johan drivi garden og produlsjonen i Uliveti saman med dyktige folk i Solopaca.

 

Hovudaktiviteten vår er dyrking av oliven og produksjon av ekstra virgin olivenolje. I tillegg beskjærer me tre - for oss og for andre bønder - og organiserer opplevingar og matkurs i og rundt Solopaca. Denne aktivieten gjer me i bedrifta Uliveti Experience.

Me har to distribueringskanalar utanfor Italia. Ein er i Noreg, der Giovanni og Nils Johan også bur og jobbar, og den andre i Sverige. 

Videoproduksjon og utvikling:  Fabio Desiato, Fade Production ©

KVEN ME ER

VÅRE VERDIAR

20221010_082258_edited.jpg

LIKSKAP, RESPEKT, VERDIGHET OG RETTFERD

I Uliveti bygger me samhald og menneske utan diskriminering av kjønn, opphav, alder eller anna bakgrunn.


Produksjonen vår har fokus på berekraft og natur.  Derfor brukar me kun ikkje-intensive og økologisk jordbruk og ynskjer ein salgsmodell der det er kort avstand mellom produsent og sluttbrukar.

bottom of page