top of page

OLIVENOLJE FRÅ BONDE TIL BONDE

Kjøp Uliveti olivenolje gjennom din andelsgard

Me er Nils Johan og Giovanni, busett i Vinje i Telemark, og har ein olivengard i landsbyen Solopaca, 2.5 sør for Roma. Me har haldt fram med familiegarden til Giovanni og gjer alt frå stell av tre, hausting og tapping av flaskene. I Noreg sel me direkte til kundar blant anna gjennom Reko-ringer. Les meir om oss.

10 % til din andelsgard

Me har laga eit samarbeid der din andelsgard får 10 % av salg når du kjøper olivenoljen frå Uliveti gjennom denne sida.

Litt om oljen 

Olivenoljen er sjølvsagt 100 % italiensk og me brukar kun økologiske produkt for behandling av plantene. Me brukar kun dei olivenene me kan riste ned frå treet, og kaldpresser olivenene same kveld som hausting. På 1 liter olivenolje går det om lag 12 kg oliven. 

Produkta våre

Me dyrker 6 ulike oliventyper, der nokre er sterkare i smak enn andre. Frå hausten 2019 (oktober/november) har me to produkt: Ancino Verde er lett fruktig medan Ancino Oro er middels fruktig.

Les meir om desse to produkta

Enkelt! 

  1. Fyll ut skjemaet under 
     

  2. Ei felles sending blir sendt til din andelsgard og du henter flaskene der. Minimum 12 flasker til saman frå ein gard.
     

  3.  Faktura kjem på epost direkte til deg. MVA og transport er inkludert i prisen.
     

  4. Din andelsgard får 10 % av salget tilbake frå oss i Uliveti 

Litt om oss og olivenoljen vår

bottom of page